Seksjon for formidling

Norges Museumsforbund

Vedtekter

§7 
Seksjon for formidling kan oppløysast dersom 2/3 av avgitte stemmer ved uravstemming går inn for det.

§2 
Alle medlemer av NMF som har utoverretta verksemd som del av sitt arbeidsfelt, kan søkje medlemskap i Seksjon for formidling. Søknad om medlemskap skal sendast styret. Medlemskapen gjeld til den vert sagt opp skriftleg.

§3 
Årsmøtet er høgste myndigheit i Seksjon for formidling. Det skal haldast ordinært årsmøte kvart kalendarår. 
Styret fastset tid og stad og gjer det kjent for medlemene minst 4 månader på førehand. Samtidig skal
medlemene gjerast kjende med valnemnda sine medlemer og adresser.
Innkalling og sakspapir skal vere sendt ut minst 3 veker på førehand.
Innkallinga skal innehalde:
– framlegg til program og saksliste
– årsmelding og arbeidsplan frå styret
– eventuelle framlegg til endring av vedtekter og andre forslag
– innstilling frå valnemnda
– styret sitt framlegg til ny valnemnd
Saker som medlemene ynskjer handsama på årsmøtet skal vere styret i hende seinast 5 veker før
årsmøtet.
Årsmøtet vel møteleiing og 2 medlemer utanfor styret til å underteikne protokollen.
Ekstraordinært årsmøte skal kallast saman når styret eller minst 1/3 av medlemene ønskjer det.

§4 
Leiar og 4 styremedlemer skal utgjere styret i Seksjon for formidling. Dei skal veljast av årsmøtet
Leiaren skal veljast særskilt. Leiaren har ei funksjonstid på 1 år. Styremedlemene har ei funksjonstid på 2 år, slik at 2 av desse er på val kvart år.
Ingen kan sitte samanhengande i styret lenger enn 6 år.
Årsmøtet vel 3 varamedlemer i prioritert rekkefølge, og med 2 års funksjonstid.
Styret bør veljast slik at flest mogeleg museumstypar og landsdeler er representert.
Styret skal velje utsendingar til årsmøtet i Norges museumsforbund. 
Årsmøtet skal og velje ei valnemnd med 1 års funksjonstid og redaktør for Pedimus med funksjonstid på 2 år. Redaktøren for Pedimus møter fast på styremøta.
Alle val vert avgjort med simpelt fleirtal.

§5 
Styret vel sjølv arbeidsordninga si. Styret vert samankalla når leiaren eller minst 2 av styremedlemene
ønskjer det.
Styret er vedtaksført når minst 3 av medlemene er til stades. Ved votering gjeld simpelt fleirtal. Leiaren har dobbelstemme ved likt stemmetal.

§6 
Vedtektene kan endrast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Vedtatte endringar i vedtektene skal gjerast gjeldande frå det tidspunkt styret i Norges museumsforbund har godkjent vedtektsendringane.

§1 
Seksjon for formidling er ein seksjon under Norges museumsforbund (NMF) og har som arbeidsoppgåve å styrkje den utoverretta verksemda ved norske musé.
Seksjon for formidling skal arbeide for å gjere medlemene dyktigare, og fremje det nasjonale og
internasjonale samarbeidet.

Ikke åpent for kommentarer