Seksjon for formidling

Norges Museumsforbund

Om SFF

Seksjon for Formidling (SFF) er ein seksjon under Norges museumsforbund og open for alle som driv
med utoverretta museumsarbeid. SFF oppstod ved at Norsk Museumspedagogisk Forening, NMF, og
Norske kunst- og kulturhistoriske museer (NKKM) gjekk saman i det nyoppretta Norges
museumsforbund i 1996.


Norsk Museumspedagogisk Forening vart starta av ei gruppe entusiastar i 1976. Føremålet var å arbeide for og utvikle det utoverretta arbeidet ved musea. Foreninga skipa studieturar til museum i inn- og utland, kurs med emne kring alle typar utoverretta arbeid, og årsmøte med faglege seminar. Pedimus har vore med frå starten av, og er i dag seksjonen sitt medlemsblad. Det har faglege artiklar og rapportar frå kurs og studieturar.

Seksjon for formidling følgjer dei same linene i sitt arbeid som Norsk Museumspedagogisk Forening
gjorde. Den årlege studieturen er høgdepunktet. Me freistar å finne reisemål der folk frå alle typar
museum skal finne noko av interesse. Studieturar er dessutan ein hyggeleg måte å bli kjend med
kollegar frå andre stader i landet og slik knyte nyttige kontaktar.


Det finst i dag ei lokal gruppe på det sentrale Austlandet som har jamnlege samlingar. Vi vil også
arbeide for at det kjem fleire slike grupper i område der seksjonen har mange medlemer.
I styret for seksjonen freistar vi ha alle landsdelar og alle typar museum representert.

Ikke åpent for kommentarer